På Bjønnstigslitti møter du nederste løypa
som kjem frå Nesbø - Tirtesva og Heimrebø. Her ved bjørki vert uhyggen
forsterka av at dei nytta ei bjørk til å hengje lik opp i når dei måtte søke
ly for udyr og dårleg vær. Likbjørki er nedrotna no, men stod oppe på 1950
talet. Udyrplaga har vore stor i farne år. At ikkje ei gong lik fekk hengja
i fred natti over måtte vera skremmande oppleving for følgje...
Vetlahelvete er eit av dei mest storslegne og vakraste
jettegryter, trollgryter du kan sjå. Vetlahelvete er eit lite høveleg navn
som burde fått eit klangfullt navn som til dømes "Istids-katedralen eller
Aurlands-katedralen". Ei underjordisk åre held vatnet i gryta i konstant
høgd og tepratur. |