| Bjødnaholao og Skrubbadn minner om at her levde det udyr i
gamle dagar. Det er rikeleg med bratte hamrar, hellerar og ulende. Det var lett
for bjørn og ulv som ville halde seg i løynd. Det var ikkje for ingen ting at
det fanst " likbjørke" i dessse stroki... I Nesbøteigadn syner framleis
steinmurar og løe-tufter. Murane var til å halde beisti ute eller samla innafor.
Det er ein fantastisk fin utsikt her oppe og du ser den nederste
løypa som møter att stien over Bjønnstigen ved Bjønnstigslitti.
Holmen var ein Nesbøstøl som vart seld til garden Winjum. Det
seiest at budeiene på Holmen var gjestfrie. Du gjekk ikkje svolten vidare...
Frå Holmen kan du gå ned Vetlelid til
Heimrebø - Bjønnstigslitti
|