|
 |
Namnet
kan koma av Nestebø eller, og det er mest truleg, av at det stikk eit nes ut
i vatnet ved tunområdet. Det gamle namnet Næsbø vart endra til Nesbø i
samband med innføring av nynorsken.
Busetnadsmønsteret midt på 1800 talet viser at folk bur på
gardane frå fjøra til fjells. Aurlandsvangen har berre nokre
torvtekte stover kring kyrkja og med si turre sandjord,
hadde då lita interesse.
Det heiter ogso at dei her oppe selde varene sine til
Hallingdal. Fjellvegen var vel trass alt greiare og lettare enn den kronglute vegen heim gjennom gjel
og juv.
|
|

|
Nesbø fødde på sitt
beste 37 storfe og 42 sauer, det er nesten utruleg. Folketeljinga i 1845
fortel at det budde 15 personar på Nesbø. Og frå Almen til Aurdalen over 70
fastbuande. Sauehald på denne tida var meir framtredande enn geitehald og storfetalet vaks mest. Som salsvare kom geitosten når industri og folketal
auka i byane.
Det skulle vera noko lettare å få kornet
moge på Nesbø, for det låg lognt i solhall og skjerma av bratte hamrar og
fjellvegger som magasinerar solvarme, reint eit drivhus. |
|

|
Gravadalen
Her måtte
både kløvhestar, storfe og småfe opp ein lang omveg for å koma framom det
stupbratte fjellet der Nesbøstigen låg. ”Gravadalen” kjem truleg av
reinsgravene som det fanst mange av øvst mot fjellet. I klovafjellet er det
registrert over hundre bogestillingar.
Det må
vera ein hovding langt tilbake i tid som kunne gjennomføra ei slik jakt med
so mykje folk på jakt samstundes.
|
|

|
Det vart
sagt om desse ”Nesbøgutane” at dei var spreke og sterke. Dei gjekk like
mykje på hendene som på føtene i den ikkje ufarlege Nesbøstigen.
Mor mi Gina
S. Aasen (1908-1989) f. Nesbø fortalde at farbror- kona bar ein sau rundt
halsen opp stigen for å sleppa turen over Gravadalen.
Nesbøstigen som hekk i denne bratte fjellsida, var
bygd av bjørkerestar.
Det er ikkje utan grunn
at Leif Arne er stolt av å ha sine røter her frå Nesbø... |
|

|
Gustav
Nesbø
(1882-1959) fortalde frå sine gutedagar på Nesbø at borni var ikkje store
før dei laut vera med i arbeidslivet både heime og ute i markene. Dei drog
heim or skogen, ved ris og lauv. Kjervane stod i rauk og vart tekne heim då
dei hadde betre tid om vinteren.
7 av
brørne og 2 onklar til Gustav Nesbø utvandra til Amerika på slutten av 1800
talet. Han gjorde skomakarfaget og Aurlandsskoen til sin leveveg og hadde
fleire tilsette på Aurlandsvangen.
Bilete
frå Nesbø 1914 av fotograf Wilse |
|

|
Murahusi
her på Nesbø som i seinare tid har vorte brukte som uthus, beistahus, ser
nærmast ut til å ha vore eit langhus i eldre tider. Ovanfor husi ligg murar
som fot under åkrane. Og garden hadde store slåtteteigar opp mot stølen
Holmen.
Vinteren 1870 Kom ein
skamfrosen framandkar på ski til Nesbø. Dei tok hand om han og han berga
livet. Då han holdt på å frysa i hel inne på fjellet lova han dyrt og
heilagt å gifta seg med ei jente han hadde slege opp med, dersom han kom frå
dette med livet. Han hold lovnaden og emigrerte til Amerika.
Utruleg nok
møtte han att folki i Amerika som berga livet hans vinteren 1870. |
|

|
Eg
hugsa me var samla til jolegjestebod hjå bestefar Gustav Nesbø i Bakkane. Me fekk gåter og ei
lydde slik: Kven har største låven, slettaste låvegolvet og høgst under
taket ? Svaret lydde samstemt; Nesbølaoen. Der var det romsleg, flatt golv og god høgd under taket.
Dei bar kornbandi ut på isen og berja kornet. |
|

|
Tirtesva
er eit vegskilje. Gå opp til Bjønnstigen
eller nedover langs elvi om Heimrebø til Bjønnstigslitti.
Uansett
kva veg du vel må du koma attende til dalen og få med deg ogso den andre
vegen. Det skjuler seg dramatikk og mystikk alle vegar i Aurlandsdalen, frå
det vakre til det skremmande.
Tirtesva - Nesbøteigadn - Holmen - Bjønnstigen
Heimrebø - Tirtesva - Nesbøteigadn - Holmen - Heimrebø
|