|
Heimover langs Aurdalsvatnet og Vikjanest mot
Nesbø er ein verdfull del av garden Viki. Du finn og gamle murar på neset som minner om
bustad for husmenn og andre. Eirik Sjursen selde Viki og for til Amerika.
Han skreiv til Sjur Øyum og spurde om han kunne få kjøpe att garden fordi
han treivst ikkje i Amerika. Det er
god grunn til å tru at slike vakre og trivlege stader som Nesbø, Viki og
Øvstebø har vore i bruk i mellomalderen, truleg som gardsbruk eller ein
kombinasjon av gardsdrift og veiding. Gamle segner fortel ogso at høgdagardane skulle vera svært gamle.
Vegen
attende, er vegen fram, seier ein diktar: ”Du er ikkje fødd i går du er barn
av dei tusen år. Djupt gjennom lag etter lag røtene går.” Gå vidare til Nesbø
Steinbergdalen -
Kongshelleren - Driftaskar - Steinbergdalen
|